Hysj! seier VR-brillene, kviskrande,
men med stor V og stor R,
for slik er det på engelsk,
og engelsk er eit rikt språk.
Ein kan seie mykje meir på engelsk
enn ein kan seie på norsk.
På engelsk heiter det «boyfriend» og «girlfriend»,
på norsk heiter det berre kjærast.
Ikkje rare greiene,
ikkje mykje å samle på,
ikkje når nettet ligg der,
ikkje når ein kan boltre seg i den virtuelle verda.
VR-brillene har formert seg,
med prøverøyrsmetoden.
Dei er mange no.
Dei treng meir plass.
Og når nokon treng plass,
då er det nokon andre som må flytte seg.
VR-brillene har ikkje tenkt å vente på ein invitasjon,
VR-brillene har ikkje tenkt å banke på.
Dei listar seg inn
medan du søv.
Når du opnar auga,
ser du gjennom VR-glasa.
Ikkje sei noko,
for all del ikkje slepp frå deg eit einaste lite pip.
Ingen kan snakke høgt om det,
ingen skal eigentleg vite når det skjer,
men vi kjem til å kome,
snikande.
Vi skal ha dette rommet.
Vi skyv nokre stolar og bord framfor oss,
for då kan de sjølv sjå at det slett ikkje er plass.
Det er ikkje plass
TO THE BOTH OF US.
Og vi veit båe kven som må ut,
vi veit båe kven som er på lag med framtida
og kven som ikkje er det.
Vi er sendt frå oven,
vi er på eit oppdrag.
Vi ber på den same draumen,
den draumen vi alle ber på,
at hjarta skal opne seg,
at tida skal opne seg,
at dei skal slutte å seie nei,
desse som ikkje spelar på lag
med framtida.
Det er så tungt når dei heile tida må seie nei,
kvifor seier dei nei når dei kan seie ja.
Den verkelege verda er jo likevel øydelagt,
det er noko alle veit,
ein kan lese om det i avisa kvar einaste dag,
at no er det snart ikkje noko meir att.
Det er ikkje meir å tenkje på.
Ingen vits i å gjere noko,
naturen er likevel plyndra.
Det skjedde berre,
det er litt uklårt kven som har skulda.
Skogen forsvinn, alle landskapa er fylt med gravemaskinar,
og veit de kva dei grev no?
Vil de vite det?
Det er noko vi ikkje kan snakke høgt om,
vi må kviskre i krikar og krokar,
og ikkje seie noko til andre om det.
Det må vere skjult,
det er eit hemmeleg liv som gjeng føre seg her.
Noko stort skal skje, og de kan ikkje vere med på det,
dette store er ikkje for dykk.
Ikkje ta det personleg.
Det har berre blitt slik
at ikkje alle kan passe inn.
Vi må grave ei grop for dykk.
De skal få liggje mjukt i gropa,
men ligg stille.
Ikkje snu dykk i grava,
det er ikkje Halloween.
Ikkje trur vi på englar eller sjamanar heller,
så ikkje tru at nokon kan høyre dykk når de er borte.
Blyantar og målepenslar laga av mårhår,
kva skal ein med det?
Kva skulle vi med det før,
kva skal vi med det no?
Vi gjekk på BI i tre år og klarte oss heilt fint utan.
Det er ingen som treng tjukke akvarellpapir
når skulen skal heildigitaliserast.
Er vi ikkje digitale nok? er det nokon som spør.
Nei, det er ikkje nok.
Det er langt ifrå nok.
Vi må gå ALL IN.
Ja, vi skriv det på engelsk,
for det er ikkje mogleg å finne passande ord på norsk.
Nordmenn går ikkje ALL IN.
Nordmenn skal ha både bokmål og nynorsk.
Nordmenn skal ha både fordelar og ulempar.
Det er ikkje nokon ulempar her,
det er berre fordelar.
Det har vi bevist for dykk.
Vi viste fram nokre unge menneske,
og dei sa det høgt og tydeleg,
med VR-brillene på,
at det berre er positive ting å melde.
Så vi treng ikkje blyantar.
Det vert berre kaos,
det er ikkje mogleg å søke opp ord som er skrive med blyant.
Kva skal ein med dei då,
om ein ikkje kan søke dei opp?
Vi skal gje dykk litt tid,
ei veke kanskje,
slik at de kan innsjå at det er best slik,
det er best slik som vi foreslår.
Ja, de kan like gjerne seie ja,
de kan like gjerne nikke,
for det kjem til å bli slik
same kva de seier.
Så då er det vel mykje betre å ikkje bli uvener.
Vi vil ikkje bli uvener,
vil vi det?
Vi er ikkje med på det, seier Helleviks gule nynorskordliste.
Ho vil ikkje vere med på det,
og gjer seg vanskeleg der i kroken,
bryr seg ikkje om at nokon har skrive spynorsk mordliste på omslaget.
Rottar seg saman med romanar av Jon Fosse og Frode Grytten.
Ingen i landet vil skrive nynorsk,
men desse tre får det til å skje,
med Jamstillingsvedtaket som våpen.
Dei meistrar retoriske appellformar og kan sparke frå seg med rapportar om djup læring.
Annleis med pastellkritta.
Dei kan ein knuse.
Ikkje gjer det, skrik nokre av dei tjukkaste kolstiftene i kor.
Dei nektar,
dei vil ikkje vere med på det,
vil ikkje sjå på det,
kan ikkje ta det inn,
at dei unge menneska ikkje lenger har bruk for dei.
Kva skal ein med pastellkritt i ei heildigitalisert verd?
VR-brillene klistrar seg fast til dei små hovuda.
Låsast fast.
No skal vi heildigitalisere dykk, seier VR-brillene.
De kjem til å venne dykk til det.
Christina Fjeldavli, 24. mai 2019
Like this:
Like Loading...