Skodda ligg tungt over fjella,
ein kan ikkje rekne med å sjå sola
når ein bur i ein dal.
Slik er det,
så det må du berre innsjå
at himmelen kan ikkje bli høgare.
Vi bur i ein dal,
og det går heilt fint faktisk
for oss andre.
Det er frivillig å bu her.
GET REAL
Likar ein det ikkje, kan ein flytte.
Det ville vore best for deg sjølv
om du skjøna det.
Det ville vore bra for deg
om du kunne vere meir takksam.
I staden for å klage
kan du vere glad for det ljoset du har.
Vi bur i ein dal.
Du må ikkje vente deg for mykje.
Hugs på at det faget du driv med ikkje er ei linje,
Det er berre eit programfag
noko elevane har i tillegg.
Eit lite tillegg, det er det heile,
berre ein kosetime på barneskulen,
litt potetsticks, det er alt det er.
Ostepop.
Elevane bryr seg heller ikkje, viss det er det du trur.
Dei vil ikkje merke forskjell.
Vi bur i ein dal.
Ungdommane
vil aldri vite at det kunne vore annleis.
STOP MAKING UP PROBLEMS THAT DON’T EXIST
Får du gjennomført kompetansemåla?
Det er det du må spørje deg,
ikkje noko anna.
Du må slutte å vere så overambisiøs.
STOP BLOWING THE BUBBLE
Dei elevane som skal ha det så perfekt
kunne valt ein annan skule.
Det kunne dei tenkt på før.
Dei kunne flytta frå dalen.
Viss det er så ille,
så kan dei vel flytte.
Det er berre eit heilt vanleg fag med kompetansemål som alle andre fag,
det er ikkje noko særskild med det,
du skal berre følgje kompetansemåla,
ikkje noko meir.
Hugs på det, så vert det kanskje lettare for deg.
Ikkje tru at du er så spesiell,
det du driv med er ikkje det viktigaste i verda,
ikkje noko metafysisk, ikkje noko mellom himmel og jord, ingen englar syng i kor.
Faget skal ikkje vere noko meir enn det Udir har lagt opp til at det skal vere, SO SUCK IT UP
Du må slutte å vere så kritisk.Ver nøgd med det du får.
Himmelen kan ikkje bli høgare enn han allereie er.
Vi bur i ein dal, JUST FACE IT
skodda ligg tungt over fjella,
og dei fleste trivst med det.
SO GET OVER IT
Christina Fjeldavli, 30. mai 2019