Hore! (eller noko anna)

Gud i himmelen,

er det verkeleg hore det står her,

i meldinga,

eller noko anna,

like graverande,

men litt meir subtilt

på ein måte,

ikkje fullt så seksualisert.

Likevel,

eg kjenner det i magen,

eit sug.

Kjenner det i låra,

eit urgamalt instinkt

som tyder at

no må homo sapiens

leggje på sprang,

fort som faen.

No er det fight or flight,

og eg veit med det same

at med mi beinbygning

vert det flight,

kanskje det feigaste alternativet,

men homo sapiens vil jo overleve,

det er det einaste vi veit.

Det er berre sunn fornuft, det.

Angriparen har musklar

og ein reptilhjerne som får lov til å vere sjef

og danse på bordet,

der ho ligg på sofaen

med fjernkontroll, ostepop og kortisonansikt.

Kva er dette eigentleg?

Kva handlar det om?

Kvifor denne aggressive meldinga

som lyn frå klår himmel?

Kva er det som skjer midt oppi alt,

midt oppi opprivande møte

midt oppi rydding og boning,

ei tekstmelding med ein krass karakteristikk,

ei beskriving av meg

personleg,

lite flatterande.

Kva det handlar om?

Umogleg å vite.

Kanskje blei det noko feil med eit Excel-ark…

Skal det ikkje meir til?

Men særskrivingsfeil er greitt?

Korleis kan ein forstå det?

 

Og kva no?

Skal eg gjere som venta:

bøye hovudet,

setje strek,

seie at ja,

det er slikt som skjer,

den kloke gjer seg.

Eller skal eg vere den brysame slugga

som nektar?

Nei, seier eg,

eg er ikkje med på dette,

eg forbannar elva

desse orda kom frå.

Ja, la meg vere kjerringa mot straumen.

Dette må då vere

i strid

med Lova

og Lova må vi vel følgje,

eller?

Eg trudde…

Folk tiskar og kviskrar,

den slugga er så vanskeleg,

lagar bråk ut av null og niks,

kan ho ikkje berre tenkje på

noko anna.

Vi har då blitt kalla hore

eller verre ting

alle i hop,

ingen tok skade av det,

det gjekk heilt greitt,

faktisk,

meir enn greitt,

det er slikt ein veks på,

ein kjem styrka ut

som organisasjon

og som menneske.

Det kan vere heilt ok å bli kalla hore.

Så kjedeleg

med dei som ikkje

kan le det bort.

Ha litt humor, då,

og tenk på di eiga rolle i det!

Dette er ikkje trakassering,

det er berre ein konflikt,

med to sider,

to sider ein skal ta omsyn til.

Begge er alltid like skuldige

i ein konflikt,

slik er det alltid,

det er noko alle veit,

noko ein lærer seg i norsk barnehage

den første veka,

før dei lærer deg å stå i kø,

før dei lærer deg å gå på do.

It takes two to tango,

uvenen din må du vere ven med,

landet blei kristna

med tvang,

hugsar du,

ferdig snakka.

Vi er alle syndarar

for Kvitekrist,

vi høyrer ikkje på Odin meir no.

Det eine mennesket er ikkje noko betre

enn det andre,

vi er alle svake menneske,

så ikkje kom her

med Lova.

Lova kan du tørke deg med bak.

Lova, lova, råva.

Du blei kalla noko,

ikkje så ille det.

Verre å gjere feil med Excel,

då vert du kalla inn på teppet

midt i ei setning,

vi dreg deg ut av hula di,

så får du stå til rette.

Ein skal respektere dei digitale systema,

men i møte med ei slugge,

eller noko liknande,

då må det vere lov

å kalle ein spade

ein spade.

Det er slik Sylvi gjer det,

og berre sjå:

ho fekk kome tilbake.

Det er slike folk vi vil ha i regjering

i dette landet.

Vi går med gullkross

i halsen no,

uvenen din skal du vere ven,

slik det høver seg fagnafolk.

Advertisement

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.