Don Quijote,
eg skjønar deg no.
Unnskyld
at eg lo av deg,
det var berre så komisk
å sjå deg
slåst mot ei vindmølle.
Kven slåst mot vindmøller?
I dag ler eg ikkje,
eg må sjølv slåst mot ei vindmølle,
ja, ikkje berre ei,
men fleire,
ein heil vindmøllepark,
og så fleire parkar,
landet rundt,
til det ikkje er ein einaste hubro
eller jerv att
i dette landet,
til det ikkje er noko meir att
enn dei tomme orda
til statministeren
om det såkalla grøne skiftet.
HÆRVERK
er det rette ordet,
og det rare er at dei får lov,
aksjonistar i bunad
berast bort av politi.
Skal vi vere enige og tru
heilt til Dovre
gjerast om til vindmøllepark?
Så skammeleg,
korleis kunne det gå så langt?
Det er ikkje fornuft
og heller ikkje kjensler
som styrer dette landet,
slik det stig fram,
berre ein open kjeft
og ein rumlande mage
som skal tygge blåklokker
i hundre år.
Berre le.
Eg lo sjølv
av don Quijote.