Er det ikkje på høg tid no
at homo sapiens kjem seg til optikaren?
Er han ikkje nær ved å vere heilt blind, eigentleg?
Jau, det kan verke slik,
men han vil ikkje innrømme det.
Det er så mykje skam forbunde
med å ikkje kunne sjå.
Homo sapiens gjorde noko rart nettopp no,
han hogde ned gamal skog,
valsa ned skogbotnen,
fylte på med grå betong
og insisterte på at det var grønt.
Korleis kan han jobbe som pilot
når han er fargeblind?
Homo sapiens kvesta nokre fuglar
med vindturbinane sine
no nettopp.
Han skreiv til meg i ei tekstmelding
at det var
DET GRØNE SKIFTET.
Desse tre orda gjentok han
på nytt og på nytt
som var det trylleord.
Er homo sapiens ordblind?
Er han språkleg svak,
eller er det kognitiv svikt jamt over?
Kongeørn,
hønsehauk,
orrfugl,
spurveugle
og hubro
ligg vengeklippa på asfalten,
men homo sapiens ser det ikkje.
Inne på kontofonen
fortel ei syntetisk stemme
om høge tal,
og han høyrer på
med store øyre
og lukka auge.
Homo sapiens har gått lengje no,
utan å kunne sjå noko særleg.
Kven skal bestille time hos optikaren?