Du veit at dei andre,
dei normale menneska,
ser deg som ei tapt sak,
eller: lost case,
på godt norsk,
når du slepp unna
med å gjere nesten kva som helst:
du kan forsyne deg frå salatbaren
med hendene,
du kan snike i køen,
du kan slikke på
eit godteri
og så leggje det tilbake
i skåla,
du kan fylle termosen din med kaffi
frå kaffemaskina
på personalrommet
og ta med heim,
du kan skrive «hore» i ei tekstmelding til ein kollega,
du kan tråkke rett inn i klasserommet
når kollegaen din har undervisning,
du kan skrike til fastlegen din
når ho nektar å gje deg
sjukemelding,
du kan kaste stein
på den politibilen
som legen har ringt etter,
men politifolka vil ikkje arrestere deg,
nektar å ta deg inn.
Du vert ståande
på betongtrappa
utanfor legekontoret,
siklande og pesande,
og ser at den eine politibetjenten,
den kjekkaste av dei tre,
viser deg fingeren
i det dei køyrer vekk
frå deg.
Det er ikkje slike som deg
dei vil ha i glattcella.
Legen orkar ikkje å gje deg
diagnose,
for då må ho følgje deg opp tett.
No snik ho seg ut
bakvegen,
slik at du ikkje skal sjå ho.
Du er ei tapt sak
og du er ustoppeleg.
Ingen grenser.
Ikkje noko ansvar.
Ingen konsekvensar.