Bukken og eg

received_1132588973795261

Foto: anonym

Aldri kunne eg vite

at det var slik

det skulle bli

på Kvitfjell, Kvaløya.

Ingen sa noko om det,

men her sit eg,

og eg ser ein bukk framfor meg,

det er berre oss to,

rundt oss er fjellet

sprengt til småstein,

ingen lav å ete meir,

var ikkje noko

å ta vare på det.

Reinsbukken,

trur han framleis

at han kan vere her?

Må du sjå på meg?

Eg sit som paralysert

og stirar på han

som om eg var hjortedyret

fanga av blendande lys

frå billykter

midt på vegen

midt på mørke natta,

det er svart natt

midt på lyse dagen.

Dei som har bestemt

at det skal vere slik,

har aldri sett ein reinsbukk

i augo,

det fråverande blikket

merkar vi på kroppane våre,

når vi søkk ned i grusen.

Kommentar: Ofte forsøker jeg å bruke galgenhumor, men da jeg mottok dette bildet, fikk jeg det ikke til. Fotografen ønsker å være anonym. Send meg gjerne bilder av naturødeleggelser hvis dere vil at noe skal deles på denne bloggen. Foto blir ofte sett på som sikrere bevis enn ord alene.

Advertisement

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.