No ser eg atter slike fjell og dalar,
og midt i landskapet,
fjellmannen,
like blendande vakker
som blånane bak,
med impregnerte bukser,
stål i bein og armer,
is i magen
og brevatn i blikket.
Er det ikkje nettopp
fjellmannen
vi vil sjå
her oppe på fjellet,
og i moltemyra?
Kven vil sjå
ein skuggemann
med bleike hender ,
knugande rundt ei styrestong,
bak glaset
i ei gravemaskin
med rødsildre
i kjeften?
Nei,
soleklårt er det nettopp
fjellmannen
vi vil sjå,
og ikkje nokon andre.
Kjelder
https://snl.no/No_ser_eg_atter_slike_fjell_og_dalar
https://ndla.no/nb/subjects/subject:19/topic:1:186579/topic:1:82739/resource:1:176597