Klassekampen i dag

Stoggar bygging med makt

AKSJON: Aksjonistar har fleire gonger freista å stogge arbeidet med tilførsleveg inn til det planlagde vindkraftverket i Sørmarkfjellet. Her er dei i passiar med dei som bygger ut området.FOTO: WENCHE DALE

MOTVIND: Aksjonistar freistar å stogge anleggsarbeidet på eit av dei to vindkraftverka i Flatanger. Lokalpolitikarar vil stogge det som ikkje er igangsett.

15 gonger har lokale aksjonistar så langt i år stogga anleggsarbeidet på vindkraftverket i Sørmarkfjellet.

– Det tek ikkje lang tid før politiet er på plass, trass i at det tek ein time og eit kvarter å køyre frå politistasjonen i Namsos, seier Kari Merete Andersen.

Ho administrerer Facebook-sida «Nei til vindturbiner i Sørmarksfjellet og Innvordfjellet». Sida har 2700 følgjarar, men er ingen organisasjon.

– Her er ikkje noko styre, berre brennande engasjerte folk som vil freiste å stogge utbyggingane.

Utbygginga i Sørmarkfjellet og Innvordfjellet skjer i eit område med urørt natur. Nyleg er det oppdaga hekkande hubro i Sørmarkfjellet.

– Konsesjonen er tufta på dårlege forundersøkingar. Vi håper funnet av hubro kan stogge utbygginga.

Held fram aksjonane

Andersen bur i Trondheim, men dei fleste aksjonistane held til i Flatanger og nabokommunen Namsos. Ho vedgår at det kan bli vanskeleg å stogge utbygginga i Sørmarksfjellet, men er ikkje viljug til å gje opp.

– Det som driv oss og motiverer oss, er at vi skal klare å stogge utbygginga. Dei skal i alle høve oppleve at det er motstand mot vindkraftverket.

– Kva med utbygginga på Innvordfjellet?

– Ho skal vi i alle høve stogge. Vi har jobba med politikarane i Flatanger. Det vi satsar på, er at kommunestyret etter valet sender ei oppmoding om å stogge utbygginga.

Listetoppane til SV, Arbeidarpartiet, Høgre og Frp i kommunen er alle motstandarar av utbygginga i Innvordfjellet. Men då kommunen i 2011 skulle ta stilling til konsesjonssøknaden frå Zephyr AS, røysta eit stort fleirtal for.

Ap seier nei

Vind­kraft i Flat­an­ger:

  • Det er gjeve konsesjon til to vindkraftverk i Flatanger kommune: i Sørmarksfjellet og Innvordfjellet.
  • I Sørmarkfjellet, der delar av arealet også ligg i Osen kommune, starta utbygginga i vår. Vindkraftverket er planlagd med 31 vindturbinar som er 150 meter høge og 27 kilometer med vegar. Utbyggar er det offentleg eigde Trønderenergi.
  • I Innvordfjellet, der delar av arealet ligg i Namdalseid kommune, vart det gjeve konsesjon i mars 2018. Her er kraftverket planlagd med 31 vindturbinar som er 143 meter høge.

– Arbeidarpartiet har røysta for vindkraftverket tidlegare. Tufta på det vi veit i dag om kva kommunen vil sitje att med i skatteinntekter og arbeidsplassar og dei store naturøydeleggingane, går vi imot Innvordfjellet, seier listetopp Anne-Elisabeth Skjørholmen.

Saman med førstekandidaten i SV, Turid Kjendlie, vil ho ta saka opp i kommunestyret etter valet. Kjendlie seier ho ikkje vil gje opp å stogge korkje Sørmarkfjellet eller Innvordfjellet.

Ho trur sjansane er best for å stogge planane for Innvordfjellet, sidan denne utbygginga ligg fram i tid.

– Vi vil at kommunen skal vende seg mot Trønder Energi og Zephyr og be dei om å stanse prosjekta, seier Kjendlie.

Motstand på Innvordfjellet

SV får neppe fleirtal for å stogge Sørmarkfjellet i det nye kommunestyret i Flatanger. Då er det annleis for Innvordfjellet, for her er listetoppane i Høgre og Frp båe motstandarar av prosjektet.

– Eg er skeptisk til nye vindmølleplanar i kommunen. Flatanger har høve til å utvikle turistnæringa med turistar som betaler godt for seg for å oppleve urørt natur. Vindmøller og den slags turisme passar ikkje så godt i hop, seier listetopp Knut Staven frå Flatanger Høgre.

Frå Frp kjem vindkraftmotstanden med eit atterhald:

– Eg har lenge vore mot utbygginga i Innvordfjellet, men dersom motstanden fører til søksmål mot kommunen, slik Frøya har fått frå Trønderenergi, kan eg ikkje støtte det, seier listetopp Lars Haagensen (Frp).

Får kritikk frå ordførar

Ordførar Olav Jørgen Bjørkås (Sp) har lite til overs for aksjonar og politikarar som vil stogge vindkraftutbygginga i kommunen. Han ser ingen grunn til at kommunestyret skal be om å stogge utbygging i Innvordfjellet.

– Utbyggarane har konsesjon som ikkje kan kallast attande med mindre det vert oppdaga alvorlege feil. Det er ufatteleg at etablerte politikarar vil vere med på dette.

Ordføraren er ein av dei få som forsvarer vindkraftutbygginga. Han seier kommunen vil få nær ti millionar kroner i eigedomsskatt kvart år når dei to vindkraftverka står ferdig. Det er 10 prosent meir i inntekter for kommunen.

– Dette er frie inntekter, noko som er viktig for ein distriktskommune, seier han.

– Motstanden i kommunen er aukande?

– Ja, men så er det heller ikkje lett å vere tilhengar. Det er nytta sterke ord mot meg som ordførar frå folk i heile landet. Eg forsvarer vedtaka, men mange tilhengarar vel å halde hovudet lågt slik ordbruken har vorten.

 

Advertisement

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.