
Tekst og foto: Laila Haukeland
Dagens smekk går til meg sjøl, og med eit «Stå på krava» til gjengen ved Vardafjell i Rogaland 🔥❤️🔥
Så helse- og omsorgsminister Bent Høie, eg sender smekken min til deg med eit håp om at du les.
Kvifor er du, Bent, så musestille når det gjelder mulige helsekonsekvenser som følge av vindkraftsutbygginga i Norge. Kvifor var det berre nokon linjer frå Helsedirektoratet inn til høyringa til Rammeplanen for vindkraft? Nokre få linjer som nærmast kan oppsummeres slik: «Ingen kommentar». Eg er sjukepleie, og dette er mitt yrkesfelt. Og eg er så skuffa. Ein einaste lege har eg sett som har tatt til ordet mot dette. Og han er i Sandnes kommune der Vardafjell ligg. Han deltek i klagen til Sandnes kommune som er sendt inn til NVE. Men nei… musestille alle veier, utenom dynamitt-salvene då, dei smell og sprenger fjell. Så der er det ild. https://www.nrk.no/…/vindkraftmotstandere-stenger-anlegg-me…
https://www.facebook.com/groups/346565012662508/?ref=share

Ein annan plass der er ild, er i folket, ein brennande flamme 🔥 som kjem ut av smerte til motstand. Me som kjemper mot denne vindkrafta er blitt kalla egoister blant anna. Og eg prøver å leite etter sannhet i den beskyldninga i meg, men nei i meg finn eg ikkje snev av egoisme i dette…
Eg kjemper for noko utanfor meg sjølv, for naturen og dei stemmeløse som bur der. Naturen har me berre til låns frå ettertida, den er så mykje større enn oss sjølv. Me skal forvalte naturen til beste for ettertida, ikkje sprenge den i stykker til kaos.
Ein annan plass der er kaos er inni folk. Kaos i følelser, eit sammensurium av smerte, sorg, sinne og avmakt….. men og samhold og ein flamme som veks kvar dag utav denne smerten og sorga. Så for den smerten og sorga har eg tent eit lys, ein enkel flamme 🔥….
Du skjønner eg skriv førjulshelsinger og har mitt eget lille juleverkstad i heimen min. Og lyset står oppå den kista der eg har all julepynten min mens eg sitt og skriv. Men eg kjenner ingen glede opp mot juletida for denne sorga og smerten er stor, mykje meir inngripande enn eg nokon gang har kjent på før.
Og det er der eg er så skuffa over eget fagfelt som ikkje ser den smerten som sitt i mange mange no rundt om i landet. Kva betyr egentlig psykisk helsevern og forebygging når ein kan vere musestille om ei slik belastning folk no står i….
Mulige helsekonsekvenser av å få vindindustri nær der ein bur er søvnvansker og depresjon. Ein veit kva depresjon kan føre til i ytterste konsekvens og ja der er dokumentasjon som viser dette, det blei og sendt inn til høyringa av nokon.
Men høyringa blei skrota, over 5000 høyringssvar som folk og lokalforvaltning har brukt mykje tid på….skrota.
Så siden du helseminister Høie er så musestille så må eg nesten spørje; er du ei mus eller tar du Ansvar….. du kan i alle fall spare deg å synge «Musevisa» til jul om du er stille til den tid kjem.
Kanskje du ikkje veit eller forstår noko av kva som skjer sidan media er så stille om det. Kanskje du har det så travelt at du ikkje ser kva som skjer i motstanden mot vindkraft… så eg vil fortelle deg om denne smerten og sorga eg kjenner på.

Eg har mista folk og kjent på sorg mange ganger til no i mitt 47 år. Så er eg jo sjukepleier så eg har der stått i sorga mange ganger. Eg er ikkje redd sorg og indre smerte. For det er berre slik at for å vekse innvendig til å forstå kva som er verdifullt for oss mennesker så må me og ha porsjoner av lidelser som sorg og smerte er. Men alt med måte….
Denne smerten og sorga er djup, så inngripande som eg aldri har kjent på før, den endrer folk….. Den ryster meg heilt i kjerneverdiane mine, på kven eg er og alt eg har trudd på. Tillit, tro, håp og kjærlighet.
Tillit til at me har eit land med likhet for loven, likeverd og generalistsamfunn og frihet. Det ryster i grunnvollene for å sei det slik. Eg som sjukepleier kan jo i teorien fortelle kva som skjer i ein sorgprosess, men dette er voldsomt.
Eg er bekymra for folk. Dei som får flammen tent klarer å finne samhold gjennom ein fellesforståelse med andre. Men kva med dei som sitt aleine og kjenner på dette, kven trøster dei for sorga og smerten? Ikkje det offentlige helsevesenet i alle fall, der du er sjef…..musestille.
Det som ryster meg mest er kor lite verdi naturen i seg sjølv og dei stemmeløse har i dette spelet. Eg er oppvokst på gård og har derfra nokon grunnverdier i meg. Og ein kjærlighet for alt levande liv, så det ryster meg å sjå at det levande liv i naturen har så liten verdi i denne industriutbygginga.
Me veit alle at elefantene er trua som art av annen årsak. Så eg spør: «Ser du for deg ein verden uten elefanter?» Dei fleste vil nok svare nei… så då spør eg : «Kva då med alle «elefantene» i vår natur…. har dei ingen verdi dei då?» Eg såg ein liten film der orrhøner var kræsja med ein vindturbin og låg strødd skada rundt foten av den. Der gjekk ein mann og filma, han nærmast brølte ut sin fortvilelse mens han snakka sårt til fuglane. Den filmen rysta meg så djupt at eg spydde faktisk, så inngripande er det å sjå. For meg vil alltid orrhøner være noko spesielt, eg er vaksen opp med dei i nærleiken. Dei søker folk for kos og det er jo litt rart siden dei er ville. Dei burde jo skydd oss mennesker som er det største rovdyret av alle. Det ser me i alle fall no, fugler og dyr som må «betale største prisen» for at habiteten blir industriområde betyr ingenting.
Egoist… eg …..nei… om eg hadde snudd ryggen til så skulle eg kanskje vore litt enig. Dette er ikkje ein kamp eg har valgt, den er blitt påført meg. For den truer på tryggheten i mitt liv, på friheten, på tillit, tru, håp og kjærlighet. Livet mitt inni meg fungerer ikkje normalt lenger. Men alt er ikkje elende….. me finn kvarandre no… utav verdier…. og eg skal love deg at dei mannfolka som no stig fram og snakker om følelser dei berører meg… det fins så mange fine ord fra følelser og verdier hjå desse som no stig opp på barrikadene, slik som Eivind Salen her til dømes, han som står øverst på barrikaden i MotvindNorge 🔥
https://www.facebook.com/groups/motvind/permalink/442073583164812?sfns=mo
Slik eg tenker så har alle ressurser ein syklus av såing-spiring-modning-høsting og dvale. Alt har ein syklus, bryt ein syklusen så kan ein knekke ressursen som er naturgitt. Mennesker er også ressurser som må behandles med ein iboende rett til å bli respektert for det unike og ekte….
No er det mange som har det vondt inni seg, og der er det tent ein flamme til motstand. Men kva kan me gjere då? Det er tent varder over heile landet til motstand, den varden brenn vidare i folk no… tru ikkje anna. Og den varden brenn ekstra no i folka som står no i motstand på Vardafjell.

Eg har berre ein flamme på mitt lys….. det lyset skal du få Bengt Høie. Eg kan ikkje love at det kjem fram like heilt når det skal i postgangen. Kanskje det knekkes på veien, det er hard medfart på veien dette lyset går i møte så det får du tåle…..
Eg er ikkje redd for følelser så ikkje tenk på meg, eg står den av. Tenk heller på heilheten, den kollektive smerten i dette. Eg klarer meg slik eg alltid har gjort på innsida. Eg hadde vel aldri tenkt at eg skulle brette innsida ut slik som no, men det får tåles. Nokon må våge det og. Eg har endatil skrevet ein song om sorg, nærmast ein takk for å bli berørt. Ta den med deg når du tenner lyset du får. Den er ein takk for å bli berørt. Men alt med måte…. https://youtu.be/zN2p5LucQTU
Når tid er nok nok? Når tid er det på tide å ta Ansvar? Det må bli opp til kvar ein å vurdere utfra eit fritt valg som eit fritt menneske kva ansvar ein tek på seg….
Eg tåler mine tårer, og eg kan love deg at dei har bøtta ned siste halvåret. Har kjent på frykta for at fjella eg ser kvar dag skal bli til steinrøyser utav denne industrien, den truer. Då veit eg faktisk ikkje om eg tåler det om det skjer, om eg kan bu her nært naturen og sjå kor liten verdi den har for enkelte. Det er det folk må tåle no…. og det er ikkje greit. Det er ikkje verdig Norge med dei gode nasjonalverdiene som er knytt til naturen. Me som kjenner på smerten og flammen gjer det utav ærbødighet for skaperverket rett og slett. Så ja dette ryster i grunnvollane, heilt heilt inn i kjerneverdiane i folk. Og det skapes sår som vil kunne henge igjen i generasjoner, folk mot folk, makt og avmakt…. frykt….. og tap av tillit til dei demokratiske rettene. Er det virkelig slik at me skal måtte kjenne på frykta i vårt eget land, i Norge?
Eg har ikkje så mykje gull og glitter i mitt liv, treng ikkje det heller. For det mest verdifulle finn eg innvendig i meg sjølv, i den eg er. Eg er glad i ringer, men som du veit så er det ikkje forenelig å arbeide som sjukepleier med ringer på fingrene, hendene skal være åpne og givende uten dill dall.
Så ringene sparer eg til sommerferiedager. Du skjønner eg gjekk i smykkeskrinet mitt for å finne noko å sende deg i førjulshelsinga mi….
I smykkeskrinet ligg også noko anna, som eg bruker kun ved sjeldne høve…..
Sykepleiernåla mi frå høgskulen, frå fagorganiseringa og…… Grunnlovsnåla eg heng på bunaden på 17.mai.
17.mai 2019 brukte eg ikkje bunaden min, den var klar til bruk men eg kjende allerede då på denne sorga og smerten….. det kjendes så feil å bruke mitt finaste plagg og rope hurra når innsida i meg streva. Så bunaden og grunnlovsnåla blei igjen heime når eg feira 17.mai i år.

Men det var det eg skulle finne til deg å sende eg såg etter. Eit gullsmykke eg kjøpte til meg sjølv for over 20 år sidan. Eg kan heller ikkje love at det kjem fram siden eg annonserer for heile facebook at eg sender gull din vei. Du veit også blant alle dei fine fuglane fins det også gribber, men du ser no at eg forsøker å gjere godt din veg i allefall…. i håp om at du ikkje fremdeles er tenkt å sitte musestille og gjøyme deg for gribbene….
Smykket seier meg noko om repekten for alle naturgitte ressurser….alt levande liv…… også deg…..
Og eg håper dei ved Vardafjell blir møtt med øyre som lytter i respekt…. som likemenn….
Tro, håp og kjærlighet…..

Like this:
Like Loading...