Lille lundekar, høyr no på ministerfar!
Ein rett er ein rett, og rettar må ein respektere, lille alke. Når Zephyr, Norsk Vind og dei andre storkarane “har fått ein konsesjon på vindkraft har [dei] fått ein rett. Styresmaktene kan ikkje utan vidare trekke denne tilbake fordi ein ikkje likar det ein sa ja til ein gong”. Dette kan ein samanlikne med det heilage førarkortet og retten til å køyre bil. Ingen kan ta det frå deg, når du fyrst har fått det. Då er det fritt fram med 200 meter høge vindturbinar, propellar i tre hundre kilometer i timen, iskast og knusing av freda fugl. Ikkje vert det prikkar på førarkortet heller, ikkje når kraftkarane har betalt Lovas lange arm, dei som alltid vel rett side i ei betent sak. Det handlar om juss og om store tal, som eg vil banke deg i skolten med, om du ikkje slutar med den kvitringa snart.
Lille lundefugl, du veit vel at Zephyr og Company kan selje konsesjonsrettane ut av landet, uansett om konsekvensutredninga var mangelfull eller ikke, kan dei selje rettane vidare og vidare, i det uendelege, slik at sjølv Gud mistar oversikt, slik at ingen til slutt veit kven som eig denne hora som det jomfruelege landet no har blitt til. Vi tråkkar på Norge og vi smadrar fugletrekk, for vi hatar dette landet, og pengene har vi gøymt unna i eit karibisk skatteparadis. Slik kan vi sapiensar gjere det, lille lunde. Ikkje å undrast over at det gjeng trill rundt som ein vindturbinpropell i ein fjærlett fuglehjerne.
Ingen, ingen, ingen kan trekke konsesjonar tilbake, for då vert Erna, Ola og Siv sure, for dei har allereie lova, ute i den store, vide verda, at slik skal det vere, vi skal gje frå oss Norge til høgstbydande, for slik må det bli når kapitalismen er religionen. Vi skal redde verda gjennom å la marknadskreftene herje fritt, vi skal gjere om sagalandet til verktøykasse og grønt batteri. Noko anna kan vi ikkje gjere, for då vert det for dyrt og komplisert for Olje-, energi og miljøkriminalitetsdepartementet. Ein konsesjon er ein heilag gral i kapitalismereligionen. Konsesjonsrettane står faktisk over menneskerettane i hierarkiet, og ville fuglar og dyr har ingen rettar i det heile. Difor vil eg no ofre deg til klimaguden, lille lunde. Ja, du skal få redde verda, og døy som martyr. Ikkje tenk på det, det er jobben min. Kommunikasjonsrådgivaren min har sagt at eg må leggje det fram slik, men eg får lov til å rope hurra på Facebook når eit tysk selskap leitar etter meir olje i arktiske strøk. Slik kan ein gjerne det, når ein er sapiens og verdsherskar. Heng ikkje med nebbet, kvitrefugl. Ver no glad for den tida du fekk leve.