Støtt kravet til Viken fylkesting om å stanse Zephyrs vindkraftutbygging (innlegg av Gunvor Slaatto)

Støtt kravet til Viken fylkesting om å stanse Zephyrs vindkraftutbygging

Tilhøyrer du Viken fylkeskommune og er over 18 år, kan du støtte kravet til Viken fylkesting om å stanse vindkraftutbygginga til Zephyr. Du kan underteikne her: https://minsak.no/sak/2062

Oslo kommune sier nei til nye gigantmaster, 04.02.2020
Kjelde: https://www.aftenposten.no/norge/i/6jgO03/oslo-kommune-sier-nei-til-nye-gigantmaster-gjennom-boligstroek-vil-vaere-et-historisk-feilgrep

Tekst: Gunvor Slaatto

Å VINNE OPINIONEN austafjells er ikkje gjort i ei handvending. Tenk, halve folkemengda her til lands er busett i «pølsa» rundt Oslofjorden: Oslo, Viken, Vestfold og Telemark, der Ørje i Østfold så langt er eneste sted som er direkte berørte av vindkraftindustrien, anna enn at vi finn ei oppsamling av overmakta som utøver naturovergrepa. Statsmakta, og mykje av finans- og vindkraftnæringa bur og jobbar i Viken.

Men kan det vera så vanskeleg å få med FOLKA rundt Oslo-fjorden på vindkraftmotstand, då? Skal det ikkje berre eit minimum av innleving og empatisk evne til, for å fatte tragedien for folk som blir ramma i nærnaturen sin? Forestille seg at Sørmarka, Austmarka, Nordmarka, Lillomarka og Bærumsmarka mm. blir frest opp, sprengt i filler og omgjort til grushaugar og ugjenkjenneleg landskap, med monsterturbinar på 250 meters høgde plasserte der, midt i synsranda? Forestille seg kjende torturmetodar som kjem inn i eige stove; blinkande lys som om lyset blir slått av og på, og uforutsigbar støy som pulsar og svitsjar alt etter kvar vinden kjem ifrå og kor sterk han er? Forestille seg nattehimmel med «Djevelens auge», og konstante faresignal som på ein flyplass? Og viss forestillingsevna rekk lenger, inkludere dei økologiske katastrofene vi står overfor med tap av naturmangfold, og drenering av myrer som ingen ellers har lov å røre.

Wind Giants in Germany
Kjelde: https://www.bloomberg.com/news/articles/2020-02-10/wind-giants-in-germany-are-not-so-keen-on-market-rates-after-all

Det finst formildande omstende for mangel på engasjement, uforstand, likegyldigheit eller kva det no kan vere. Det er nemleg ikkje FOLK rundt Oslofjorden som står bak all den meiningslause raseringa langs kysten vår, til skade for naturen, miljø, økosystem, lokalsamfunn, turistnæring og reindrift. «Di utmark er mi innmark», som ein reindrifteigar uttalar det. “Jeg tror det er for langt unna folk til at de gidder å engasjere seg”, var svaret eg fekk frå ei aktiv Jessheim-dame som har budd her i 40 år, då eg spurde om ho hadde tips til måtar å få folk til å underskrive Viken-saka på. Eg trur diverre at ho trefte spikaren på hovudet. I kampen om tida og merksemda skal det mykje til for å få travle folk til å stoppe opp, og særleg når vi ser kor einsidig statskanalen NRK og dei største avisene presenterer klimasituasjonen og vindkraftsaka. Reklameinnslag i ulike variantar bombarderer oss frå mange kanalar. «Vindkraft er rein energi», vert det påstått. Det høyrest tilforlateleg ut, før ein får auge på alle ulempene.

Kva kan så bringe ei forståing for vindkrafta nærmare folks kvardag her austpå? Jo, identifisering via Statnetts trussel om dobbel høgde for nye kraftmaster, til 40 meter. Både Oslo og Bærum kallar desse kraftmastene for monstermaster. For folk med trussel om 250 meter høge blinkande og durande turbinar i nærnaturen, blir det så klart nærast latterleg å bry seg om 40 meter høge stilleståande master. Likevel, viss vi med innleving og medkjensle, ser dei dobla mastene med medmenneskeauge, er dei de facto både visuell forsøpling og ikkje minst, ein reell helsefare. Ingen plasserer ein barnehage ved ei høgspentmast, for å seie det slik. Om det gjeld eitt menneske eller mange, går vel ut på det same i VERDI, eller? Dermed seier eg ære vere Oslo Byråd som forsvarar innbyggarane sine og seier eit utvetydig NEI til dobling av høgda på straummaster og krev jordkabling for heile strekninga. Den same honnøren går til Bærum.

Byråd for byutvikling Hanna E. Marcussen (MDG) i Oslo er kritisk til dei høge mastene og meiner framtidig kraftforsyning må gå i kablar i bakken. «– Jeg har stor forståelse fra reaksjonene som kommer fra folk som bor i området. Det er ingen som vil ha gigantiske master i nabolaget sitt, sier Marcussen. – Byrådet er opptatt av å skape gode nærmiljø og ta vare på grønne lunger og elvedrag over hele byen, det er ikke forenlig med disse monstermastene, opplyser Marcussen. Hun sier at å bygge mange store master gjennom hele dette området vil være et historisk feilgrep som Oslo vil slite med i mange tiår fremover.» Kan vi vere einige om å ta same omsyn til folk andre stadar? Om folk i Oslo og Bærum ikkje vil ha støy og visuell forsøpling rundt seg, kan ein då vente at folk andre stadar skal måtte bli utsett for det same, berre i endå meir monstrøse formar?

Fanga blant vindturbinar, NRK Rogaland
Kjelde: https://www.nrk.no/rogaland/xl/fanga-blant-vindturbinar-1.14548474

Og med dette er det frå mi side slutt på applauderinga av Oslo. For det Oslo gjer i praksis, er å føre ein egosentrisk og sjølvforherligande klimapolitikk. Ifølge Oslos klimastrategi skal hovudstaden redusere klimagassutsleppet med 95 % innan 2030. Konsekvens? Jo, ei valdsam auke i straumforbruk. Kor skal denne straumen hentast frå? Frå vindkraft, kanskje? Det Marcussen ikkje seier noko om, er at kapasiteten i kraftlinene inn mot hovudstaden er sprengt. For å ruste til den enorme auka i straumbruken treng altså Statnett å doble høgda på mastene gjennom Bærum og Oslo. Oslos klimastrategi inkluderer verken omsyn til landet for øvrig, eller klimaavtrykket som elektrifiseringa etterlet seg når alle innsatsfaktorane blir medrekna. Då Denis Mukwege vann Nobels fredspris i 2018, nemnde han konsekvensar mellom anna el-bilproduksjonen har, grunna det omfattande batteribehovet. Barnearbeidet i Kongos koboltgruver viser at elektrifiseringa av bilparken kjem med ein høg kostnad. Mukwege sa også at rettferd er einkvar sitt personlege medansvar. Dessutan Oslo: Klimaproblematikken er global!

Men så tilbake til håpet mitt om auka tilslutning til vindkraftmotstand austafjells. Heilt akutt gjeld det Viken-borgarar, altså borgarar i tidlegare Østfold, Akershus og Buskerud, der vi faktisk har over ein million innbyggarar å ta av. Vi treng berre 500 underskrifter. Vi, ei initiativgruppe på fem personar, har ei sak til Viken fylkesting der vi bed om at fylkestinget brukar eigarmakta si overfor Zephyr AS, som Viken via Østfold Energi eig 50 % av. Vi kan ikke akseptere at Zephyr raserer natur og økosystem og øydelegg livet til folk i område der dei berørde seier nei. Det hastar med å gje denne støtta.

Sjå vedlagte sak som du er varmt velkomen til å underskrive:

Støtt kravet til Viken fylkesting om å stanse Zephyrs vindkraftutbygging

Tilhøyrer du Viken fylkeskommune og er over 18 år, kan du støtte kravet til Viken fylkesting om å stanse vindkraftutbygginga til Zephyr. Du kan underteikne her: https://minsak.no/sak/2062

This slideshow requires JavaScript.

Reinen mista beiteområdet sitt då Zephyr sprengde i stykker Kvitfjell for å bygge vindkraftanlegg der i juli 2019. No vil dei gjere det same på Haramsøya, midt i fugletrekket. Foto av reinen i det øydelagte Kvitfjell: Alex Ryslett. Foto med havutsikt, frå Haram: Birgit Kjerstad

 

 

 

 

 

Advertisement

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.