Eit siste farvel

Tekst: Andreas Lund

Andreas Lund ved varden på Gudbrandsfjellet. Foto: Eli S.Lund

EIT SISTE FARVEL! Det er søndag ettermiddag og kalenderen viser 5. september. Eg sit på toppen av Gudbrandsfjellet, midt i området for Tysvær vindkraftverk, og tårene renn! Det er snaut halvanna år sidan anleggsarbeidet starta opp og eg vart med i Camp Cleng-gjengen. Eg som gjennom eit langt liv, aldri hadde delteke i ein einaste demonstrasjon, kom brått så langt bort frå eiga komfortsone, som eg trur var mulig.

Utover våren 2020 vart det mange tidlege turar til campen i Hersdalen. Mange timar med fyr i bålpanna saman med folk av ulik bakgrunn og politisk ståstad. Men ein ting hadde me felles, me var alle opptekne av å prøva å redda Tysvær-naturen som nå var sterkt trua. Hubro og kongeørn, flaggermus og frosk, ja sjølv det vesle linerlereiret måtte reddast. Og eg er i dag veldig takknemlig over å ha fått blitt kjent med kvar og ein av desse flotte folka. Det å vera med å stoppa store anleggsmaskinar, var for oss alle ei ny oppleving. Og gå sakte-turane oppover den vakre Hersdalen med alle Risa-bilane som haleheng, vil nok bli hugsa i lang tid! Ofte fekk me jo også besøk av politiet! Me hadde jo lenge håp om at me skulle få stoppa arbeidet, men det viste seg jo å vera umuleg. I slutten av august 20, hadde eg siste turen opp i det som då var blitt eit stort anleggsområde. Heile det vakre naturområdet var då blitt så øydelagt og sundsprengt, at eg kjente det var best å halda seg borte. Motvind arbeidet heldt fram på ulike arenaer, men personleg kjende eg både på motløyse og depresjon.

Gudbrandsfjellet er jo ikkje det fjellet eg har vandra mest i, men opp gjennom åra har det blitt nokre turar. Eit nydeleg landskap med mykje kystlynghei og fantastisk utsikt over Hervikfjorden, og malaren Hertervig sitt rike. Favorittområdet mitt her, er nok området rundt den idylliske Gudbrandstjødna. Heile det siste året har eg tenkt at eg laut manna meg opp og ta ein siste tur, EIT SISTE FARVEL. Og det må seiast at idyllen frå tidlegare turar var borte. Uansett kva veg ein snudde seg, når ein stod på toppen ved varden, så var det halvferdige eller ferdige vindturbinar som dominerte bildet. Saman med 7- 8- 9 og oppimot 10 meter breie anleggsvegar. Og sjølv på denne søndagen var det aktivitet. I sørleg retning kan ein sjå Kårstø-anlegget, som til samanlikning verka veldig lite, sett opp mot dette gedigne vindindustriområdet. Det får meg til å tenkja på desse som meiner at vår skepsis til vindturbinar, kan samanliknast med datidens «dommedagsprofetiar» i samband med Kårstø-utbygginga. Der var heilt sikkert gode grunnar til å vera imot den utbygginga også, men der er ein viktig forskjell om du spør meg.

Kårstø-anlegget har gitt mange gode arbeidsplasser og store inntekter til stat og kommune. Medan dette svære området som nå vert nedbygd, gir tilnærma ingen arbeidsplasser, om ein ser bort ifrå anleggsarbeidet. Og om det skulle bli inntekter ut av etableringa, noko dei «grøne sertifikata» er med og sikrar, så har nok australske Macquarie Group rutinar på korleis dei skal få pengane med seg ut av landet og inn i eit skatteparadis. Dessutan trur eg nok at fuglane har lært seg å halda avstand til flammetårna. Meir bekymra er eg nok då for at  ein del av fuglane våre kan bli offer for turbinvengespissar med hastighet på 2-300 km i timen.

Eit farvel vil alltid vera knytt opp mot sterke kjensler. Ofte vil det nok vera sett saman av både godt og sårt. Kanskje kan eit farvel også vera ein nydeleg uforgløymeleg augneblink som bringar med seg håp! Men dette siste farvel som eg etter fattig evne har prøvt og delt litt av, er eit augneblinksbilde som eg skulle ynskja berre var ein vond draum! Likevel er eg så heldig at eg kan reisa heim og vera skåna frå å ha turbinane midt i synet frå heimen. Mi store medkjensle går til alle dykk som får utsikt, fred og nattero øydelagt av slike nye naboar.

Aktuelle spørsmål heilt til slutt er: Har kampen for å redda Hersdalen og Tysværfjella vore mislykka? Og har alt arbeidet som Camp Cleng-gjengen og alle andre Motvind-tilhengarar har lagt ned, vore forgjeves? Mitt svar er eit klart NEI! Tida og energien som alle naturelskande Motvind-folk har brukt, over det ganske land, er kjempeviktig. Ein del fjell har blitt redda, i vår kommune gjeld det Dalbygda Vindkraftanlegg som ikkje vart bygd. Og at det no vert ein pause i landbasert vindkraft utbygging trur eg heilt klart er eit resultat av at Motvind seglar i medvind. Så sjølv om eg kjente tårene pressa på under turen rundt Gudbrandsfjellet, så veit eg at: DET NYTTAR Å KJEMPA MOT DENNE URETTEN

Advertisement

One thought on “Eit siste farvel

  1. leveveg September 6, 2021 / 6:38 pm

    Reblogged this on LeveVeg and commented:
    Som å ta farvel med Grythengen.

    Like

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.