Landskap med gravemaskinar 2019

Gravemaskin6

Han har fått beskjed,

vi har snakka med han,

og varsla i LAO.

I 1954 fekk han fyrste varsel,

signert Rolf Jacobsen,

ikkje inne i LAO,

men ein annan stad,

men til inga nytta,

han høyrer ikkje,

homo sapiens,

verste eleven i klassa,

vi veit ikkje kva vi skal gjere med han,

åtferda hans går utover dei andre,

men vi vil ikkje seie at han er vanskeleg,

for ingen barn er vanskelege,

seier psykologane,

det er berre omgjevnadene som kan vere vanskelege,

vi må ta omsyn til dette barnet,

homo sapiens,

han har hatt det vondt før,

og vi er gode pedagogar,

vil vil ikkje at han skal skamme seg,

for det er ikkje slik vi oppdreg barn,

å nei, dei må aldri skamme seg,

det kan gå utover den kjensla av fridom

som dei MÅ ha,

dei MÅ få utfalde seg,

for dei er jo så kreative,

så det at det går utover andre,

det tenkjer vi ikkje på,

dei andre kan jo berre bytte skule,

viss dei ikkje likar homo sapiens.

 

Det er rot og uorden i klasserommet ,

verre enn nokon gong.

Korleis blei det slik?

Sjølv dei som sit på fyrste rad,

og liksom skal vere så pyntelege

med perleband, dressjakke og kross i halsen

vil berre ha kosetime,

med Prince mild, boksvin og raudt kjøtt,

frå Sverige,

så mykje dei orkar,

dei vil styre det sjølv,

vil ikkje at nokon andre skal blande seg inn,

for dei veit best sjølv.

Inne på nettet

gjer dei kvarandre tommel opp,

snakkar høgt med kvarandre på Facetime,

med munnen full av nudlar,

slike ein må helle varmt vatn på,

i plast pakka inn i plast,

som dei kastar i restavfallet etterpå.

Etterpå klagar dei fordi dei måtte vente på slankeoperasjon.

Slik skal det ikkje vere,

ein skal ikkje måtte vente,

ein skal få alt med ein gong,

homo sapiens har dårleg tid.

 

 

Homo sapiens,

har han bokstavar,

eller ein vanskeleg heimesituasjon,

ei mor som er psykiatrisk syk,

eller ein fråverande far?

Skal vi sende han til helsesøster,

eller til rådgivar?

Må vi ringe PPT, BUPA eller Barnevernet?

Det er freistande å ringe den sinna snikkaren,

men det kan vi ikkje gjere,

vi er gode pedagogar.

Likevel kunne det vore interessant å sjå korleis homo sapiens hadde reagert

på god gammaldags kjefting frå ein dyktig snikkar?

No må du rett og slett berre skjerpe deg! seier snikkaren.

Ta deg saman!

Homo sapiens nikkar.

Ja, eg må ta meg saman no,

dra meg sjølv oppetter øyra

det går ikkje lenger slik eg har drive på.

Det var bra du kom, Sinnasnikkar.

 

Fuglar vert kvesta kvar einaste dag,

i vindmøller som er måla kvite,

som gravstøttene i Verdun,

på rekke og rad,

meir enn tusen i talet,

fyllar dei heile landskapet,

og insekt ligg klistra mot stolpen,

smadra og knust.

Er det dårlig orden no,

å drepe insekt?

spør homo sapiens,

og han tek den frekke tonen,

for den sinna snikkaren er ikkje der.

Insekt er uryddige i seg sjølv,

seier homo sapiens.

Det er dei som må få nedsatt,

med kaotiske flygemønster,

svirring hit og dit,

og meiningslause summelydar.

På søttitalet drap vi dei

på alle tenkelege måtar.

Ingen sa noko på det.

 

Gravemaskinar og flunkande nye motorvegar

snor seg på kryss og tvers som skolisser i fjellandskapet.

Landskap med gravemaskinar

og landskap med krittkvite vindmøller.

Skal vi vere imponert over homo sapiens

som gjer seg sjølv til verdsherskar,

eller må han i skammekroken?

Skal vi setje dette siste han har gjort på orden eller åtferd,

eller må vi ta omsyn til føresetnadene,

det at han hadde det så vanskeleg då han var liten,

det at han heile tida måtte slåst for å overleve

i dei spede barneåra.

Kva kan vi eigentleg krevje av denne karen?

Han er ny i klassa,

kanskje er han fødd i feil kropp,

kanskje må han ha hormonar,

kjønnskorrigerade operasjonar,

sin eigen blogg,

sitt eige reality-show,

sin eigen YouTube-kanal?

Rolf Jacobsen, ja, de veit, han som jobba her før,

sa fra til rektor om eting av skogar alleiere i 1954,

og rektor hadde eleven inne på eit møte.

Homo sapiens fekk med brev heim,

men mora er så svak for han.

Barnet mitt treng å få utfolde seg,

slik har han alltid vore.

Homo sapiens høyrer ikkje på læraren.

Vi kan vel ikkje la det siste kakestykket stå igjen?

seier han på avslutninga.

Læraren nikkar berre.

det er for seint å setje det på åtferd no.

 

Akvarell: Magdalena

Tekst: Christina Fjeldavli

2. juni 2019

Advertisement

2 thoughts on “Landskap med gravemaskinar 2019

  1. ellenmaren June 9, 2019 / 7:50 am

    Kult dikt om mennesket sine herjinger! Kanskje det er Greta Thunberg som er sinnasnekkern?

    Like

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.