Å redde verda

To enkeltbekkasinungar

trippar

over anleggsvegen,

dei låg i reiret i går,

eg såg dei

gjennom glaset i gravemaskina,

men vi måtte drenere den myra,

det skal kome nokre turbinar der,

det finst investorar frå utlandet

og så er det nokon

som trur dei skal redde verda.

Eg som sit bak spakane veit.

Sjå, der går dei,

eg har aldri riktig sett på dei

før no,

no som eg ser dei

for siste gong,

enkeltbekkasinungane

aldri kjem dei til å bli vaksne,

eg veit at dei kjem til å døy,

andre trur dei skal redde verda

Ungane kikar rundt seg,

dei har ingen stadar å gøyme seg,

det er berre grus her no.

Mora deira,

kjem ho til å skrive brev

til Norges vassdrags- og energidirektorat,

når ho finn reiret.

Høyringsfristen for den nasjonale ramma

er 1. oktober 2019,

men vi er allereie godt i gang

med å sprengje dei ut,

ungane.

Enkeltbekkasinmora,

vil ho prøve seg med

Grunnlovas § 112?

Kan ho finne ein advokat

som vil jobbe pro bono?

Ho kan ikkje redde ungane sine,

men kanskje kan ho redde verda?

 

Kilder:

https://snl.no/enkeltbekkasin

https://snl.no/Grunnlovens_milj%C3%B8paragraf

https://www.advokatforeningen.no/merete-smiths-blogg1/pro-bono—advokatbransjens-troverdighet-og-sjel/

 

 

 

Advertisement

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.