Til Kong Harald og Dronning Sonja, statsministar Erna Solberg, statsråd Tina Bru og partileiarar. Frå Thea, 9 år

Tekst: Thea Hammersvik (med hjelp fra mormor og oldefar). Alle foto: May Hege Hammersvik

Hei, eg heiter Thea og er 9 år. Det er noko eg har lyst til å fortelja fordi eg er bekymra for framtida til ein av dei finaste plassane i Norge. Det er litt vanskeleg å forklara, difor har eg fått hjelp av mormor og oldefar til å skrive dette. Håpar de vil lesa brevet mitt, det er ikkje så langt. Det finn eit par linkar til filmar de kan kosa dykk med. Dei er heller ikkje så lange.

Bilde 17

St. Sunniva

På skulen lærer vi om St. Sunniva. Det tykkjer eg er kult, for delar av slekta mi kjem frå Selje der øya Selja ligg. Sunniva var ei irsk prinsesse som flykta frå ein fæl mann som ville tvinga ho til å bli kona hans. Sunniva og følgjet hennar la ut på havet. Det vart full storm og dei mista årene. Dei dreiv av garde. Til slutt landa båten hennar og dei fleste som var med i land på øya Selja i Nordfjord. Resten av følgjet landa på ei øy som heiter Kinn.

Håkon Jarl sendte menn ut til øya fordi han trudde det var vikingar som hadde kome. Sunniva og folka som var med ho gøymde seg i ei hole, og då dei bad til Gud om hjelp, rasa steinar ned og dekka hola. Seinare fann to bønder knoklane hennar og dei kjende ei søtleg lukt, noko som vart tolka som noko heilagt. Knoklane hennar vart seinare flytta til Bergen, og ho vart byens vernehelgen. Selje kloster blei bygd på øya der ho døydde.

Filmsnutt om St. Sunniva på Selja, ca 3min. https://www.nrk.no/video/st-sunniva-og-oya-selja_83477

 

Klosteret

Dette klosteret er truleg det eldste i Norge. Kvart år, den 8. juni, feirer dei Seljumannamesse der ute, til minne om St. Sunniva. Denne dagen er merka av på primstaven, middelalderens kalendar.

Det er utruleg spennande å tenke på denne historia når me går der ute mellom ruinane. Tenk at det skjedde her. Mange har høyrt om Selje og kvart år kjem det turistar frå heile verda for å høyra denne forteljinga og for å sjå og oppleva det vakre landskapet og naturen i heile området. Onkelen til mormor køyrde Klosterbåten og var guide på Selja i mange år. Han har fortalt denne historia (og mykje meir) til 1000-vis av turistar. Han var veldig flink til å fortelja, seier mormor.

Oldefar fortel at Kong Harald og Dronning Sonja har vore fleire gonger i Selje. Første gong var i 1968. Då var dei på eit av sine første oppdrag som kronprinspar. Det var i samband med 900-års jubileumet for Bjørgvin bispedøme (Selja var opprinneleg eit av tre bispedøme men det vart flytta til Bergen og fekk namnet Bjørgvin.) 50 år etter, i 2018, kom dronninga tilbake for å vera med på feiringa av 950-års jubileet. Ho var rørt og biskop Halvor Nordhaug sa at denne staden nok er spesiell for dronninga. Ordførar Stein Robert Osdal fekk også høve til å snakka mykje med dronninga og han sa at minna kom tilbake frå sist ho var her. Han kunne sjå at det gjorde noko med ho å vera der att. Etter gudstenesta tok ho på seg turbukse og joggesko og opna kystpilegrimsleia på Selja. «Det er fantastisk å vere her igjen,» sa ho, og ho hadde ei klar oppmoding: TA VARE PÅ DENNE VAKRE STADEN! (Opplysningane har me funne i NRK sitt arkiv, sjå innlegget og bilete i lenka under)

https://www.nrk.no/vestland/dronninga_-_-det-er-fantastisk-a-vere-her-igjen-1.14117304

Dragseidet

Stadt er bl.a. kjent for mykje vind og uver. Sjøfolk har alltid frykta dette havstykket og ulykker har skjedd. I gamle dagar drog dei båtane sine over stadthalvøya på ein plass som heiter Dragseidet. Der oppe står det og ein stor steinkross, Olavskrossen. Den er reist til minne om då Olav Tryggvason kristna fire fylke i 997. Her er det flott utsikt over stadthalvøya i alle retningar, nordover til sunnmøre og sør-vestover ut mot havet. Kvart år går det historiske spelet «På Sverdeggja» som handlar om denne hendinga akkurat her. Fleire kjende skodespelarar har vore med på dette.

Eg er litt stolt over denne krossen, du skjønar det var oldefar sin morfar som laga den. Han var steinhoggar av yrke. Krossen vart sett opp i 1913. I 1997 vart det feira 1000-års jubileum på Dragseidet for Olav Tryggvason si kristningssigning. Det var 10 000 deltakarar, mange prestar og bispar, og hovudgjesten var Kong Harald V. Kanskje Kongen kan hugsa krossen?

«Der ingen skulle tru» klyngetunet ca 30min. https://tv.nrk.no/serie/der-ingen-skulle-tru-at-nokon-kunne-bu/2007/PRMR70000306

Hoddevik

På Stadt er det fleire flotte strender. Ei av desse er i Hoddevik og mange kjem hit langveis frå kvart år for å surfe. I fjor sommar møtte me på kronprins Håkon som vi har skjønt også likar seg her.

 

Ervik

Ei anna strand finn me på Ervik. Der ligg det ein veldig gamal gravplass og ein litt nyare. Ved Ervik ligg fjellet Hovden. Under 2. verdskrigen brukte tyskarane russiske krigsfangar til å byggje store festningsverk her. Oldefar fortel at fangeleiren låg nede i dalen og der var 120 krigsfangar. Dei vart utsette for svolt og tortur av ein sadistisk kommandant. Eit par av fangane vart skotne under transporten frå Leikanger til Ervik, og fangar som prøvde å rømme, vart fanga og dregne bakbundne etter hestekjerra utover mot leiren til dei stupte og døydde av utmatting. Det skjedde mykje meir og.

Hausten 1943 vart hurtigruteskipet Sanct Svithun bomba av allierte fly i skipsleia ved Stadt. Meir enn 50 menneske omkom. Folk i Ervik utførte eit imponerande bergingsarbeid i sterk kuling og særs vanskelege forhold. Dei berga over 70 menneske. Det vart seinare (1970) sett opp eit minnekapell der.

Myr og torv

På Stadt er det mykje myr og torv. Før i tida då oldefar var gut, tok dei ut torv som dei brukte til brensel. (Eit stykke ut i filmen til NRK oppanfor, kjem dei litt inn på dette.) Der var ingen tre dei kunne hogge og bruke, så difor nytta dei torva. I dag veit vi at det ikkje er bra. Mormor seier at det kjem gass ut som ikkje er bra for klimaet. Difor er det om å gjere at alle lar torva ligge i ro. Det som er dumt, er at nokon som ikkje er frå Stadt, heller ikkje frå Norge, skal bygge vindturbiner der. Veldig store og høge vindturbiner. Då må dei sprenge vekk mykje fjell og myr for å lage store vegar slik at dei får turbinene opp på fjellet. Eg trur det kjem til å koma ut mykje gass då…

Vindturbinene er så høge at vi kjem til å sjå dei uansett kva veg vi snur oss. Dei lagar lyd og dei blinkar. Dei kjem ikkje til å passe inn. Det kjem til å likna på ein industriplass sjølv om dette er ein historisk plass. Det blir heilt feil. Og trist. Eg trur mange vil bli veldig lei seg. Det blir ikkje like kjekt å gå på tur til alle fjelltoppane og skrive namn i bøkene og nyte utsikta. Det trur eg ikkje turistane heller vil synast.

Eg er så redd for ørnene og alle dei andre fuglane. Eg trur ikkje dei forstår at dei må passa seg og ikkje fly for nær. Tenk om alle fuglane blir drept? Og insekta…

Verdiar

Mormor seier det er lurt å vere flink og gjere så godt eg kan på skulen slik at eg kan få meg jobb og tene pengar når eg blir vaksen. Men, ho seier og at pengar ikkje alltid er det viktigaste. Det er viktig å ta vare på andre verdiar og. Og naturen. Ho seier at sjølv om me har mykje pengar er me fattige om naturen vert øydelagt. Då kan ingenting leva. Kva skal me med pengar då? Det viktigaste ansvaret me alle har, er å ta vare på naturen slik at alle dei som ikkje er fødde enno også kan få oppleva og læra kor vakker den er, og kor viktige alle dyr, fuglar, fiskar, insekt og plantar er for jorda vår. Og historia vår, kulturen. Det handlar om identitet, seier mormor. Og respekt. Heile Stadthalvøya er unik på så mange måtar. Så viktig og vakkert at heile området burde vore verna og stått på verdsarvlista til UNESCO. Eg håpar at dei som bestemmer mest vil prøva å få det til å skje, slik at det ikkje kjem nokon og øydelegg.

Tipp tipp tipp oldefaren min var den 5. ordføraren i Selje. Eg har sett bilde av han i kommunehuset. Det er lenge sidan, men eg trur ikkje han hadde likt det som skjer no. Han hadde heilt sikkert valgt naturen. Eg veit ikkje heilt kven som vil ha vindturbinene på Stadt, -eller kor mange. Kven har eigentleg bestemt det? Eg trudde det var som i eventyra, at landet var Kongen sitt rike. Men så er det visst ikkje heilt slik. Kven er Norge då sitt land?

Skulle ønska alle som bur her kunne eiga det i lag. Og bestemma i lag. Lytta til kvarandre. Det hadde vore rettferdig. På skulen har me alltid avstemming når me skal velja mellom noko. Det skulle me hatt når det gjeld vindturbinane og. Eg trur nokon har gjort ein feil, det kan skje. Då er det er lov å ombestemme seg.

Me har historia vår. Langt tilbake. Den er det me som eig. Eg veit ikkje kven som bestemmer mest over Norge, ikkje mormor eller oldefar heller. Eg skulle ønska det var Dronning Sonja.

Bilde 18

Med helsing og håp om at denne utsikta framleis er slik når eg blir vaksen.

Thea 9   May Hege Hammersvik 54   Halvor Hammersvik 75

Me håpar de har tid til å svara oss, det hadde vore stas. Og viss de vil koma ein tur til Stadt kan me visa dykk rundt. Me likar å gå tur og vera ute, og oldefar har mykje han kan fortelja.

Oppdatering

Theas brev er nå lagt ut her: https://www.fjt.no/nyheter/2020/05/03/%E2%80%93-Det-er-noko-eg-har-lyst-til-%C3%A5-fortelja-fordi-eg-er-bekymra-for-framtida-21732073.ece

Her kan lese mer om saken:https://www.fjordabladet.no/nyhende/2020/05/04/%E2%80%93N%C3%A5r-alt-blir-feil-%E2%80%93-vert-feil-oppfatta-som-rett-21740648.ece

 

 

5 thoughts on “Til Kong Harald og Dronning Sonja, statsministar Erna Solberg, statsråd Tina Bru og partileiarar. Frå Thea, 9 år

  1. Kristi Kinsarvik May 2, 2020 / 8:11 am

    Stor takk til Thea, mormor og oldefar! Vindturbiner øydelegger natur, vi vil ikke ha dem!

    Like

  2. Dagfred Berstad May 3, 2020 / 6:55 pm

    Den eldre sin kunnskap og den yngre sine voner og aspirasjonar danner dette framifrå, storslagne bildet av Stad slik det framstår som eit eigenarta grønt nes ut i Atlanterhavet, OG ikkje mindre som sagnomsust, mytisk heim og hamn for folk og forteljingar.

    Like

  3. Hjørdis Otneim May 3, 2020 / 7:23 pm

    Blir berre så oppgitt over at folk vil øydelegge natur på denne måten.

    Like

  4. Svein May 3, 2020 / 9:21 pm

    Stå på Thea, håper at denne fantastisk flotte plassen får være i fred for den kapitalistiske vind industrien, vi har vert der på tur og skal komme igjen, det er heilt sikkert

    Like

  5. Anonymous May 6, 2020 / 5:33 pm

    Hei Thea veldig flott skrevet 😀stå på Thea du har så rett så rett naturen vår er veldig viktig for oss alle mvh Ellen

    Like

Leave a reply to Hjørdis Otneim Cancel reply

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.