Så hadde dei rett då,
muslimane,
trudde aldri den dagen skulle kome
at eg måtte sjå det i auga,
men dei har jo rett,
me kan ikkje ete svin,
me må halde oss unna gris,
og særleg det billige, masseproduserte kjøtet.
Ja, skal vi setje PUNKTUM, då,
slik de gjer i den usmaklege nye kampanjen dykkar,
der de skal ha oss til å tru at det som blei avdekka i den dokumentaren ikkje har noko som helst med Gilde å gjere?
Kven handlar det om, då?
Å, ja, og så var det så lengje sidan desse opptaka blei filma, for var det ikkje i 2013, i 2014, i 2015 og i 2016? Så veldig lengje sidan at det ikkje kan ha det ringaste med Gilde å gjere.
Er det upassande viss eg seier at dette må de lenger ut på landet med?
Er det kanskje betre viss eg berre skriv
PUNKTUM?
Skjermklipp hentet fra: https://www.dn.no/pr/reklame/try/gilde/filmprodusent-om-gildes-grisereklame-etter-sjokkdokumentar-trist-og-provoserende/2-1-624583